Barnelitteratur

Barnelitteratur : sjangrar og teksttypar

Cappelen Damm AS

  • 439 kr
    Enhetspris per 
Inkl. avgifter. Frakt beregnes i kassen.


Forfattere: Ingeborg Mjør, Anne-Stefi Teigland, Tone Birkeland

Barnelitteratur - sjangrar og teksttypar gir ei samla og brei framstilling av det barnelittterære feltet. Boka kombinerer litteraturteori og sjangerkunnskap med didaktiske og formidlingsmessige perspektiv. Eit rikt utval teksteksempel frå norsk og omsett barnelitteratur syner mangfaldet i barnelitteraturens uttrykk og tematikk. Boka er viktig for studentar i barnehagelærarutdanninga og grunnskolelærarutdanninga, og for andre som søker kunnskap om barnelitteratur. Denne 4. utgåva er grundig revidert og oppdatert med nyare teoriorientering og teksteksempel. To kapittel er heilt nyskrivne, dei sju andre er utvida, reviderte og oppdaterte. Kapittel 1 reflekterer over lesing som individuell og sosial hending. Kapittel 2 drøftar barnelitteraturens estetikk med vekt på barneperspektivet som karakteristisk forteljarposisjon. Kapittel 3-7 framstiller utbreidde barnelitterære sjangrar og teksttypar: eventyr og fablar, prosaforteljingar, bildebøker, lyrikk og fagbøker. Kapittel 8 syner korleis barnelitteraturen utvidar tekstbegrepet, tøyer sjangergrenser og skaper nye forteljingsformer ved å gå i dialog med utbreidde medier innanfor det barnekulturelle feltet. Kapittel 9 drøftar barnelitteraturens sjangrar og teksttypar i forhold til skiftande tider sine førestillingar om barn og barndom.

Forlag: Cappelen Damm AS Utgave: 4 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 229
ISBN: 9788202594473 Vekt: 497 g
Innbinding: Heftet Utgitt: 2018
Veil. pris: 459 Kategori: Barne- og ungdomslitteratur
Serie: LNUs skriftserie