Vinduet. Nr. 2 2018

Vinduet. Nr. 2 2018

Gyldendal Norsk Forlag AS

  • 180 kr
    Enhetspris per 
Inkl. avgifter. Frakt beregnes i kassen.


Vinduet. Nr. 2 2018. Årets andre Vinduet, med tekstar om fotball-VM, aids og kroppslege tilnærmingar til litteraturen - mellom anna! Årets andre utgåve av Vinduet er i butikk 14. juni! At dette er same dag som fotball-VM tek til i Russland, vert markert med Nils Henrik Smith sitt essay om VM-bøkene til Jon Michelet og Dag Solstad og kva desse betydde for ein tretten år gamal fotballskribent in spe. Utgåva byr elles på tekstar om litterære framstillingar av aids-epidemien, ung tysk samtidslitteratur og minnestadene etter 22. juli - mellom anna. Fleire av tekstane kjem òg inn på samspelet mellom litteratur, kropp og kjensler. Blant forfattarane det vert skrive om, finn me israelske Yoram Kaniuk, amerikanske Lidia Yuknavitch, ungarske Szilàrd Borbély samt norske Kjartan Fløgstad (som i år kan feire 50 år som forfattar). I tillegg kjem enquete om krisa i Svenska Akademien, ekfrase av Ingvild Lothe, jubileumshelsing frå Audun Vinger, biletserie av Inga Sund Hofset, meldingar og meir til! Full innhaldsoversikt under. Innhald Essay: «Jon & Dag, revisited» av Nils Henrik Smith Essay: «Fortellingene som gav oss aids» av Nikolai M. Kleivan Reportasje: «Fornuft og følelser», av Erle Marie Sørheim Manifest: «Ultraromantikk» av Leonhard Hieronymi Bilete: Inga Sund Hofset Enquete: Krisa i Svenska Akademien Samtale: Cary Wolfe, Mel Y. Chen og Jan Grue Bokessay: «Vegen innover» av Merete Røsvik Bokessay: «Å lese kan forandre kroppen din» av Ida Jackson og Mari Wold Sannerund Intervju: Lidia Yuknavitch Samtale: Gro Dahle og Marie Bergby Handeland Essay: «Ord, ord, ord, ord» av Hemig H. Gujord Essay: «Farande frifant» av Eivind Myklebust Oversetteressay: «De ubemidlede» av Éva Dobos Essay: «Du skal ikkje glemme! Minnekunst etter 22. juli» av Jørgen Lund. Ekfrase: «Inger» av Ingvild Lothe Meldingar: Carina E. Beddari om Orissabiblioteket 1-4, Karin Kukkonen om Siri Hustvedt og Mohamed Abdi om Steven Pinker Jubileet: Tor Ulvens Gravgaver

Forfattere: Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Bokmål) Sidetall: 130
ISBN: 9788205516243 Vekt: 478 g
Forlag: Gyldendal Norsk Forlag AS Innbinding: Heftet
Utgitt: 2018 Veil. pris: 180 kr
Kategori: Serier, tidsskrifter, sammendrag, indekser Serie: Vinduet