April
Forfattere: Angelika Klüssendorf
Jenta til Angelika Klüssendorf er ei heltinne for vår tid, skreiv tyske DIE ZEIT om hovudpersonen i Jenta (SKALD 2014). Jenta, som no kallar seg April, prøver å finne sin plass som ung vaksen i eit samfunn der tryggleik og undertrykking går hand i hand. Som vanskeleg stilt får ho tildelt ein stad å bu og ein jobb og gå til. Menn som kastar seg i armane hennar kan vaksenlivet også by på. Men kva om ho ønskjer seg noko anna enn det som blir bydd fram? Ho blir ein del av eit stille opprør, og ideen blir planta om å bryte seg fri og dra til den andre sida. Men er det så annleis der? Klüssendorfs bok har blitt omtalt som eit nytt meisterverk. Framstillinga hennar av av den unge vaksne April er rå og samstundes finstemt. Søkinga etter ein identitet og ei framtid finn stad i det som no er ei fjern austtysk-vesttysk fortid, men spørsmåla April møter i denne romanen er universelle. Lesaren får eit usminka bilete av korleis det var å vera ung og annleis i Aust- og Vest-Tyskland på 1970- og 1980-talet, men Klüssendorfs direkte skildring gjer det relevant og tankevekkjande også for norske lesarar, både dei som er unge og dei som hugsar at dei var det. Boka kan lesast som ein oppfølgjar til den kritikaroste romanen Jenta (SKALD 2014), om ei namnlaus jente sin oppvekst i DDR og i ein valdeleg familie i oppløysing, men April kan også lesast som ein sjølvstendig roman. Angelika Klüssendorf er ei sterk og annleis stemme i tysk samtidslitteratur, og har motteke ei rekkje utmerkingar og prisar, og har vore nominert til den gjevne Deutscher Buchpreis med både Jenta og April.
Forlag: Skald AS | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 201 |
ISBN: 9788279592204 | Vekt: 320 g |
Innbinding: Innbundet | Utgitt: 2015 |
Veil. pris: 349 |
Kategori: Moderne litteratur, Skjønnlitterære emner: identitet / det å høre til, Oversatt skjønnlitteratur |
Serie: April - 2 |
Uten tvil den beste romanen som kommer fra Tyskland i år, og jeg lurer på om det kanskje også er den beste romanen som kommer på nynorsk i år.
April er ei sterkt personleg og skakande skildring frå ei nær fortid. [.] Omsetjinga til Vidnes er utan plett og lyte.
Vil du lesa ei rystande god bok? Eg vel meg April.