Arkitekt Peter Helland-Hansen
Forfattere: Eva Røyrane
Arkitekt Peter Helland-Hansen (1917-1984) teikna tidlause einebustader og restaurerte våre vakraste kyrkjer, men sette endå større spor etter seg som kulturvernar med ulike verv i m.a. Fortidsminneforeningen. Han aksjonerte tidleg for vern av trehusmiljøa i Bergen, og hans kløkt og milde diplomati kom til nytte i vitaliseringa av Bryggen. Som rådgjevar bidrog han til vern og fornying i universitetsområdet på Nygårdshøyden. Interessa for eldre byggeskikk låg i botn for alt han gjorde. Når han teikna nye hus, var han oppteken av samspelet med landskapet. Når han restaurerte, var det viktig for han å gjera synleg korleis bygningen hadde utvikla seg. Denne boka fortel historia om arkitekten, restaureringsarkitekten og vernaren Helland-Hansen. Som student og aktiv motstandsmann hamna han i tysk fangenskap, og han jobba som arkitekt under gjenreisinga i Finnmark før han i 1950 vende heim til Bergen og mange ulike oppdrag på Vestlandet. Men kvar sommar gjekk turen til Olden, til familien sin feriestad med sommarkontor for arkitekten i Jo-stova.
Forlag: Skald AS | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 0 |
ISBN: 9788279593324 | Vekt: 898 g |
Innbinding: Innbundet | Utgitt: 2021 |
Veil. pris: 399 | Kategori: Arkitektur |