Begrav meg i snø

Begrav meg i snø

Skald AS

  • 319 kr
    Enhetspris per 
Inkl. avgifter. Frakt beregnes i kassen.


Forfattere: Gudmund Skjeldal

«Du treng sjølvsagt ikkje lengta etter snø heile året. Du skal faktisk ikkje det. Fjella skal mista alle kvite flekkar, sommarstid.» Slik innleier den tidlegare landslagsløparen på ski, Gudmund Skjeldal, prologen til boka Begrav meg i snø. For om vinteren ønskjer han seg snø. I denne kvardagsfilosofiske dagboka møter vi ein norsk familiefar på leit, ikkje berre etter snøen, men også etter dei gylne augneblinkane gøymde i ein travel kvardag. Med ettertanke, humor og melankoli løftar Skjeldal og Finborud fram gleda over dei små stundene, nostalgien over barndomen som forsvann, lykka over den første snøen, sorga over alt ein ikkje rekk i livet - og regnet som øydelegg skispora. Med varsam penn, skildrar skiløparen og faren korleis den norske vinteren i alle former tek tak i han og livet, dag for dag. Begrav meg i snø er fylt med lunefullt vêr, sludd og pudder, leik i snø, tung pust og gnistrande føre, mørketid og vinterlys, alt treffande illustrert av den folkekjære kunstnaren Kristian Finborud. Boka fangar både familieliv og vinter i eitt grep, og er kjærkomen lesnad for travle og snøhungrige nordmenn.

Forlag: Skald AS Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 93
ISBN: 9788279592471 Vekt: 610 g
Innbinding: Innbundet Utgitt: 2016
Veil. pris: 349 Kategori: Moderne litteratur

Anmeldelser

En herlig bokfor alle som er glad i vinter og skiløping.

Gi den til den skiglade, eller til nostalgikeren!