Bolette C. Pavels Larsen

Bolette C. Pavels Larsen : litterær pioner og føregangskvinne

Skald AS

  • 349 kr
    Enhetspris per 
Inkl. avgifter. Frakt beregnes i kassen.


Forfattere: Jan Olav Gatland

Bolette C. Pavels Larsen (1847-1904) var ei av få aktive litterære kvinner i si samtid. Ho var både kritikar, forfattar, omsetjar, opplesar, feminist og målkvinne. Som omsetjar introduserte ho sentral nordisk litteratur for det norske folket, og som uredd og skarp hovudkritikar i Bergens Tidende gjennom 25 år vart ho ein av Nordens mest kjende og respekterte litteraturkritikarar. Bolette utveksla hundrevis av brev med forfattarar som Arne og Hulda Garborg, August Strindberg, Georg Brandes, Amalie Skram - og ikkje minst hennar beste ven og største beundrar, Knut Hamsun. Gjennom den nære og personlege korrespondansen kjem vi tett på pionerane for den moderne nordiske litteraturen og får eit unikt innblikk i den spennande litteraturhistoriske perioden som Bolette C. Pavels Larsen var ein sentral del av.

Forlag: Skald AS Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 271
ISBN: 9788279593584 Vekt: 434 g
Innbinding: Innbundet Utgitt: 2023
Veil. pris: 399 Kategori: Biografier: forfattere,
Litteraturvitenskap: skjønnlitteratur og forfattere