Dei døde er her og spør etter meg

Dei døde er her og spør etter meg : dikt

Aschehoug & Co

  • 379 kr
    Enhetspris per 
Inkl. avgifter. Frakt beregnes i kassen.

+ -

Forfattere: Oddbjørn Birkeland

I Oddbjørn Birkeland si fjerde diktsamling er det døden sjølv som er hovudpersonen. Døden legg nærværet sitt over det skrivande eg-et, og resultatet er ein finstemd song. Døden, som både bur i diktar-eget Les mer... og nærmar seg utanfrå, lèt eg-et få auge på seg sjølv som levande. Her er ikkje dei gamle og dei døde bare gravlagde og gløymde, dei går igjen blant sine etterletne, på sine eigne stader. Der rotar dei rundt i dei kvardagslege interiøra sine, eller går turar blant sauene i audslege landskap ein stad på Høg-Jæren i Rogaland.

I kontrasten mellom det store og det lille, det abstrakte og det konkrete - og innimellom det absurde og galgenhumoristiske - kjem døden fram som ei forvandlande kraft, som langsamt overtek. Slik regisserer diktar-eget nærast sin eigen død, der ein til slutt kan ane konturane av ein personleg framtid utover døden.

«Oddbjørn Birkeland i fin sentrallyrisk driv. (...) Tonen i boka er i mangt fortvila og desperat, men forteljinga ho inneheld, håpefull. Og ennå lever og diktar opphavsmannen til det lyriske eg-et: Enten ein deler dei metafysiske, religiøse, førestellingane samlinga også byr på, eller ikkje, gjer det realistisk-oppriktige alvoret saman med den stilreine gjennomføringa Dei døde er her og spør etter meg til ei fin diktbok å annamma.» Jan Askelund, Krabben

Forlag: Aschehoug & Co Utgave: ukjent
Språk: Norsk (Bokmål) Sidetall: 78
ISBN: 9788203455506 Vekt: 157 g
Innbinding: Heftet Utgitt: 2025
Veil. pris: 379 Kategori: Moderne lyrikk (fra 1900 og fremover),
Lyrikk av en forfatter,
Skjønnlitterære emner: død, sorg, tap