
Der ingen finn oss
Forfattere: Mathias Nyhagen Asplund
Bli med på ei reise inn i fantasien! Til ein stad der ingen finn oss ...
Han er sjuk, så sjuk at han ikkje går på skulen. Ho trivst ikkje på skulen, dei andre er ikkje greie mot henne. Dei to møtest mellom blokkene, og han tar henne med inn i fantasien, inn i eventyr dei skapar sjølv. Dei vil heller vere i fantasien enn i den verkelege verda. Der er dei sterke, der kan dei gjere som dei vil!
Mathias Nyhagen Asplunds debutbok DER INGEN FINN OSS skil seg ut på alle måtar. Det er ei stilfaren og tenksam, men også fantasifull og fabulerande bok, som grip tak i lesaren og ikkje slepp taket. Mathias Nyhagen Asplund har eit særeige språk og ein levande fantasi som overtyder alle som les boka om at fantasi er viktig. Viktigare enn å følgje reglar og å gjere ting «rett».
Forlag: Cappelen Damm AS | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 120 |
ISBN: 9788202570330 | Vekt: 238 g |
Innbinding: Innbundet | Utgitt: 2018 |
Veil. pris: 299 |
Kategori: Skjønnlitteratur for barn og ungdom: fantasy, Skjønnlitteratur for barn og ungdom: forelskelse, kjærlighet eller vennskap |
"Der ingen finn oss, er ei tenkande bok som handlar om å finne trøyst gjennom fantasien. For der kan vi alle vere sterke."
"Boka var veldig lett å leve seg inn i, og ho var vanskelig å leggje frå seg. Ho starta ikkje så brått og handlinga byggjer seg opp utover i boka. Boka hadde eit viktig emne og det var: – aldri gi opp. Eg synest absolutt at andre burde lese denne boka!"