Det fleirspråklege Noreg
Forfattere: Idun A. Husabø, An-Magritt Lindtner, Terje Torkildsen, Katrine Sele, Marita Liabø, Knut Hoem, Marie Havnen, Sigbjørn Skåden, Guri Sørumgård Botheim, Knut Olav Homlong, John Martin Høines, Oddrun Midtbø, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, Ingrid Rognes Solbu, Øystein Vangsnes
Med to skriftspråk, samt samisk og kvensk, har Noreg ein lang tradisjon som fleirspråksland. I nyare tid har dette blitt forsterka gjennom innvandring og utviding av internasjonale relasjonar, og det siste tiåret har om lag 200 språk vore i bruk i Noreg. Dokumentarprosjektet Det fleirspråklege Noreg viser eit samtidsbilete av språkbruken i den norske kvardagen. Gjennom 30 portrett gir boka eit innblikk i det fleirkulturelle Noreg og viser at fleirspråklegheit i dag heller er regel enn unnatak. Skribentar over heile landet har fanga inn livshistorier og refleksjonar rundt det å leve med fleire språk. Fotografen Oddleiv Apneseths unike og vake blikk gir liv til dei varierte historiene. Kombinasjonane er mangfaldige: Den filippinske asiabutikkeigaren i Førde brukar morsmålet berre når ho verkeleg må. Den marokkanske faren snakkar konsekvent berbisk med sonen sin under fotballtreninga, medan han samstundes snakkar norsk til dei andre barna. Og vi møter den samisk-kvenske tromsværingen som først i vaksen alder lærde å forstå språka som ho var omgitt av i oppveksten. Den faglitterære teksten av språkforskar Øystein A. Vangsnes set dokumentarprosjektet i eit større perspektiv.
Forlag: Skald AS | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Bokmål) | Sidetall: 271 |
ISBN: 9788279591900 | Vekt: 1518 g |
Innbinding: Innbundet | Utgitt: 2013 |
Veil. pris: 499 | Kategori: Samfunn og kultur |
Dette er en inviterende fagbok med god design og fotografier. En bok til å bli klok og rørt av.
Ei flott gåve til oss alle [.] som både gjev oss eit forvitneleg innsyn i det språklege mangfaldet som finst i Noreg, og med det også eit auka medvit om kva språk er, kor viktig det er for oss, og kor flott det er at språka vert tekne vare på.