Du skal òg bli glad i jord : Tarjei Vesaas 125 år
Forlag: Gyldendal Norsk Forlag AS
Ny antologi om Tarjei Vesaas frå nokre av våre fremste forfattarar. 20. august 2022 er det 125 år sidan Tarjei Vesaas blei født - odelsguten som sa frå seg odelen til familiegarden, for å bli den kanskje største etterkrigsforfattaren i Noreg. Med moderne klassikarar som Fuglane og Is-slottet får Vesaas stadig nye lesarar her heime, og interessa for forfattarskapen veks også i utlandet. I anledning jubileet har vi bedt nokre av våre fremste forfattarar til å skrive om kva Vesaas betyr for dei. Kva kan Tarjei Vesaas fortelja oss i dag? Her finst originale lesingar av hans mest kjente verk, men òg eigenarta tolkingar av mindre kjente sider ved forfattarskapen. Boka inneheld bidrag frå Dag Solstad, Dorthe Nors, Einar Økland, Hanne Ørstavik, Inghill Johansen, Ingrid Storholmen, Jan Erik Vold, Karin Haugane, Karl Ove Knausgård, Kjersti Rorgemoen, Morten Langeland, Ole Robert Sunde, Staffan Söderblom, Stein Versto og Aasne Linnestå. Antologien er redigert av Eirik Ingebrigtsen, som har skrive forordet.
Utgave: 1 utg. | Språk: Norsk (Bokmål) |
Sidetall: 285 | ISBN: 9788205567979 |
Vekt: 387 g | Innbinding: Innbundet |
Utgitt: 2022 | Veil. pris: 449 |
Kategori: Litteraturvitenskap: skjønnlitteratur og forfattere |