Eg er mamma, eg skal vere god

Eg er mamma, eg skal vere god

Cappelen Damm AS

  • 347 kr
    Enhetspris per 
Inkl. avgifter. Frakt beregnes i kassen.


Forfattere: Kjersti Kollbotn

Eg har trettifire slides som eg skal igjennom. Det må gå fort. Eg legg meg på linja om at det er viktigare å kome igjennom, enn at det blir bra. Eg driv med høgtlesing. Eg les opp det som folk allereie kan lese sjølve. Men eg peikar meg også igjennom figurar, grafar og digram. Då brukar eg eigne ord, salen vaknar og blir plutseleg med, dei stiller spørsmål og det bankar i meg, eg blir oppglødd og snakkar om logiske samanhengar; dersom det, så det, under føresetnad om riktig trykk og temperatur, så vil det og det sannsynlegvis skje. Eg blir fylt med tryggleik. Eg står breibeint og stryk krøllane bort når dei inn i mellom fell ned i augo på meg. Eg viser eit bilete av Karl i den gule dosaren, og viser metodar vi har teke i bruk i bygginga av E8 i Ramfjorden. På slutten legg eg inn ein oppsummering som set E8-utbygginga inn i eit større perspektiv. - Nordområda, med olje- og gassressursane, seier eg, blir verdas viktigaste stad i dei neste tiåra. E8 er sentral for Tromsøs utvikling og så kjem OL i 2018. Eg sklir ut. Eg prøver å gjere meg større enn eg er. Eg prøver verkeleg å blåse meg opp ein divisjon.

Forlag: Cappelen Damm AS Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 174
ISBN: 9788204141941 Vekt: 300 g
Innbinding: Innbundet Utgitt: 2009
Veil. pris: 399 Kategori: Moderne litteratur
Anmeldelser

"Kollbotns belysning er mangesidig og kaller fram sympati for flere parter. På godt skrevet måte problematiserer hun et komplisert og sørgelig tema få kommer uberørt fra."

"Kjersti Kollbotn skildrar ein kvardag blotta for vern, og ho skriv godt. Ho har eit presist språk, og i framsyninga av samanbrotet og dei mellommenneskelege relasjonane er ho nådelaus og modig."

"Nettopp den saklige tonen, de korte og ryddige setningene og evnen til å se seg selv utenfra gir kraft til en fortelling som både er hjerteskjærende realistisk og kunstnerisk forløst."

"Sterke saker om kvinne på randen."

"Debutanten Kjersti Kollbotn har med Eg er mamma. Eg skal vere god. skrevet en bok som vanskelig slipper taket i leseren.Gjennom språkbevisste appeller til medfølelse og medfortvilelse skapes et insisterende driv som ikke på noe punkt tillater en å forbli likegyldig (...) I sin debutroman retter Kjersti Kollbotn et ubehagelig søkelys på den likestillingen vi alle tar for gitt og som en selvfølge. Hvor drevent dette gjøres, vises ikke minst i flere lekre litterære grep"

"Kollbotn turnerer stødig mellom skildringer fra arbeidsliv, familiehverdag og seksuelle eskapader. Samtidig skapes det nok sympati med hovedpersonen til at når Tove viser riktig gruvekkende kaninkokertendenser, ser man allikevel handlingen fra hennes side."

"Kjersti Kollbotn skriv godt. Språket er visuelt og presist, slik at vi lett ser for oss alle episodane som speler seg ut. Handlinga er lagt til dagens Tromsø, og miljøskildringa er så konkrete at vi kan følgje personane rundt i byen. Boka er viktig fordi den på ein truverdig måte gir innsyn i privatsfæren og oppvekstvilkår til barn - som vi helst ikkje vil sjå."