Ein far til overs

Ein far til overs : dikt

Aschehoug & Co

  • 269 kr
    Enhetspris per 
Inkl. avgifter. Frakt beregnes i kassen.


Forfattere: Sondre H. Bjørgum

I denne diktsamlinga undersøkjer Sondre H. Bjørgum narrativet til far. For ein far kjem i mange utgåver. Han skriv om kva far burde være og kva far ikkje vart. Og om far som mannar seg opp og tek seg saman. Desse dikta er om forventning, om kjærleik på avvege, om klasse og kjønna fedreskap og nærleik som forsvinn når far går med nasa trykt ned i mobilskjermen. Om far som tastar med det eine auga, set på kaffien med det andre, nyheitsoppdaterer seg med tredje og vekkjer borna med det fjerde, kommenterer stories med det femte, heller mjølk i koppen med det sjette og trykker like med det sjuande. Sondre H. Bjørgum spør: Kva far skal ein vera for sine små og store? Kor mange fedre kan far vera? Og kva skjer med ein far som ikkje virker lenger? Ein far til overs er eit angreps- og forsvarsskriv for far. ein far som ikkje er i bruk lenger ein far som ikkje er i virke ein uverkeleg far ein far til overs «Denne diktsamlingen er bare gull - anbefales!» - Hedvig Montgomery

Forlag: Aschehoug & Co Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 199
ISBN: 9788203394416 Vekt: 365 g
Innbinding: Innbundet Utgitt: 2022
Veil. pris: 299 Kategori: Moderne lyrikk (fra 1900 og fremover),
Lyrikk av en forfatter