Fallrettar og ekspropriasjonserstatning

Fallrettar og ekspropriasjonserstatning

Universitetsforlaget AS

  • 712 kr
    Enhetspris per 
Inkl. avgifter. Frakt beregnes i kassen.


Forfattere: Katrine Broch Hauge

Fallrettar og ekspropriasjonserstatning handlar om erstatningsnivået for fallrettar i ekspropriasjonssaker. Frå 2008 og fram til i dag har ekspropriasjonsretten vorte lagt om som fylgje av rettspraksis frå Høgsterett. Samstundes har det skjedd ei utvikling i jordskifterettane: Bruksordningar vert vedtekne for å samla fallrettar, for slik å leggja til rette for kraftutbygging. Som i tradisjonelle ekspropriasjonssaker finn det i desse sakene stad eit eigedomsinngrep. Broch Hauge drøftar kva verknader dette bør få for kompensasjonsspørsmålet. Forfattaren tek føre seg både ny og gamal jordskiftelov. Idealnormanalyse blir brukt som metode for å vurdera og samanlikna dei to regelsetta. Forfattaren freistar å seia noko om korleis erstatningsnivået som blir handheva etter dei ulike regelsetta, reflekterer både samfunnsøkonomiske omsyn og visse rettferdsomsyn. Til slutt i boka tek forfattaren opp spørsmålet om erstatningsnivået for fallrettar og tilhøvet til Grunnlova § 105 og EMK TP 1-1. Ph.d. Katrine Broch Hauge er førsteamanuensis ved Institutt for landskapsplanlegging, Seksjon for eigedom og juss, på Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU). Her underviser ho mellom anna i faga ekspropriasjonsrett og jordskifte. Fallrettar og ekspropriasjonserstatning vart skriven då Broch Hauge var stipendiat ved Institutt for privatrett, Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo. Ho er framleis knytt til Forskargruppa i naturressursrett ved Det juridiske fakultetet.

Forlag: Universitetsforlaget AS Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 464
ISBN: 9788215025810 Vekt: 1009 g
Innbinding: Innbundet Utgitt: 2016
Veil. pris: 829 Kategori: Bolig- og eiendomsrett