Frykt og jubel i Jotunheimen : forteljingar om folk og fjell
Forfattere: Sigri Sandberg
Dette er forteljinga om fjella Hurrungane i Jotunheimen. Og om kvinnfolk som har levd med dei og klatra mot dei - eller ikkje brydd seg om dei. Forfattar Sigri Sandberg har leitt langt attende i vår staute fjellhistorie for å spore opp nokre av desse kvinnene. For var alle jegerar i vikingtida menn? Og når byrja kvinner å klatre? I boka fortel Sandberg om korleis Norges flottaste alpine fjellområde vart til, om mytologi og jotunkvinner, fangst og budeier. Ho skriv om romantiseringa av fjella på 1800-talet, om framveksten av moderne fjellsport og om kvinner i skjørt på veg mot toppane. Sandberg trekk linjer frå urgamal tid til i dag, og sommaren 2015 klatrar forfattaren sjølv mot dei kvasse tindane. Med "Frykt og jubel i Jotunheimen" får desse fjella, nokre av Norges fremste nasjonalsymbol, si unike historie fortalt.
Forlag: Skald AS | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 199 |
ISBN: 9788279592235 | Vekt: 500 g |
Innbinding: Innbundet | Utgitt: 2015 |
Veil. pris: 299 |
Kategori: Klatring og fjellklatring, Steder og mennesker: generelle verk og fotografiske verk |
Dette er en bok som hører hjemme i hyttebokhylla.
For fjellfolk er dette et must av en bok.
For ei bok! Veldig interessant og medrivende . og så deilig å høre at det er lov å være redd.