Hus om natta

Hus om natta

Forlaget Oktober

  • 349 kr
    Enhetspris per 
Inkl. avgifter. Frakt beregnes i kassen.


Forfattere: Tormod Haugland

"Huset var her frå før. Eg kjøpte det av farfar, og sidan møtte eg A, og då vi var ferdige med å studere, flytta vi etter ei stund inn i det. Eg ville skrive, og ho ville lage bilete, og vi bygde oss rom for skapande arbeid. Og vi budde i huset med bøkene og bileta. Vi prøvde å flytte inn i bøkene og bileta, slik vi hadde drøymt om. I fargane og bokstavane." "Hus om natta" er ei bok med korte prosatekstar og teikningar som handlar om hus, om lys og mørke, om landskap og årstider, dyr og natur, om skyene sine skiftande former og strukturar og alt som veks: tre, buskar og blomster, om møbler, reiskapar, bilete og bøker, om søvnløyse og det å gå i søvne, om ting som kan gøymast, som kan verte borte og forsvinne, og om å leve og arbeide saman og kvar for seg i dei same romma. "Hus om natta" er eit samarbeid mellom biletkunstnaren Annette Kierulf og forfattaren Tormod Haugland. Teikningane er frå serien "Nattstudier" (2017-), laga med fargeblyantar på svart papir. Tekstane har ulike format, frå dikt på få linjer til forteljingar på to-tre sider. Både bileta og tekstane har forteljingar i seg, dei er små forteljingar som ofte faldar seg ut og ber i seg lengre tidsrom.

Forlag: Forlaget Oktober Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 156
ISBN: 9788249525607 Vekt: 328 g
Innbinding: Innbundet Utgitt: 2022
Veil. pris: 399 Kategori: Skjønnlitteratur

Anmeldelser

"ei vellukka bok om eit par som er kunst. Deira upretensiøse, fredelege liv som går sin vante gang, og samspelet dei imellom er misunningsverdig. Måten han lyttar til stega hennar i huset på, og den stille kommunikasjonen som er opparbeida gjennom tiår saman"