Kjærleikens geometri : dikt i utval
Forfattere: Odveig Klyve
Kjærleikens geometri er eit utval frå dei åtte diktsamlingane Odveig Klyve (f. 1954) har gjeve ut sidan debuten i 1993. Klyve er og gjendiktar, barnforfattar og filmskapar, og debuterte på Haustutstillinga i 2012 med eit videoverk. Mange av dikta hennar er omsette til arabisk, engelsk, fransk, spansk, persisk, kinesisk, gælisk, hindi, punjabi, cannada, marrathi, oriya, malayalam, rumensk, makedonsk, russisk, italiensk og tysk. "Klyve si dikting held fast ved håpet. Det vil seia, ho gjer meir enn det. Ho gir oss håp. Ho skriv fram den menneskelege erfaringa som ei lekkje i ein kjede. Me kan finna denne samanhengen ved å følgja eit einaste bilete i hennar dikting, nemleg fingeren som stryk. Gjennom bruken av møtet mellom fingertuppar og verda lar ho oss sjå og møte barnet, elskaren og den gamle. Gong på gong vert fingrane si kjenslevare oppfatning omsett til språk. Og me tek på språket, me bokstaverer verda." Helge Torvund i etterordet Du ser på meg held meg fastare i handa Det var godt at du kom seier du Eg har venta på deg lenge har eg venta på deg kviskrar du med ditt nye fingerspråk
Forlag: Cappelen Damm AS | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 252 |
ISBN: 9788202451738 | Vekt: 636 g |
Innbinding: Innbundet | Utgitt: 2014 |
Veil. pris: 299 | Kategori: Lyrikk av en forfatter |