Kvardagsmat

Kvardagsmat

Skald AS

  • 349 kr
    Enhetspris per 
Inkl. avgifter. Frakt beregnes i kassen.


Forfattere: Anita Stokke Blomvik

Dagleg les over 2000 svoltne menneske bloggen til Anita Stokke Blomvik (f. 1983). Tobarnsmora, busett på Sunnmøre, meiner at alle kan lage mat og dyrkar den enkle og heimelaga maten på bloggen sin. Sjølv seier ho dette om si første kok: Dette er boka eg skulle ønskje at eg fann då eg gjekk i gong på kjøkkenet! Eg kunne knapt nok lage kvit saus, og å smake til ein rett hadde eg ikkje peiling på korleis eg skulle få til. Men eg ville at familien min skulle ete meir heimelaga mat, og mindre av halvfabrikata som vi var van med. I Kvardagsmat skildrar Anita så enkelt som råd framgongsmåten slik at du får eit godt resultat første gongen du prøver ei oppskrift. I boka finn du basisoppskrifter for dagar der heile familien skal på trening og det knapt finst plass til middag, oppskrifter til ein heilt vanleg tysdag og oppskrifter til dei dagane du får huset fullt av alle du er glad i. Ingen likar å halde på med noko dei ikkje meistrar, men med Anita sine råd lærer du knepa som gjer det lettare å lukkast på kjøkkenet. Og mykje kjekkare! Du klarar heilt fint å lage heimelaga mat, uansett kor lite tid du har brukt på kjøkkenet tidlegare: Prøv, feil, lær, så plutseleg forstår du kjøkkenspråket du òg.

Forlag: Skald AS Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 175
ISBN: 9788279592884 Vekt: 990 g
Innbinding: Innbundet Utgitt: 2018
Veil. pris: 399 Kategori: Matlaging og oppskrifter

Anmeldelser

Jeg tror ikke jeg har sett en eneste ingrediens som jeg ikke kan få tak i på min lokale butikk og det gjør budskapet om at dette er hverdagsmat som alle kan få til enda mer troverdig.

Årets julegave ... En fantastisk bok som viser hvor enkelt det er å lage sunn hverdagsmat fra bunnen av! Og det er jo hverdagene vi har flest av.