
Litteraturformidling i lokale bibliotek : møte mellom teori og praksis
Forfattere: Kjell Ivar Skjerdingstad, Silje Hernæs Linhart
Denne boka handlar om litteraturformidling ansikt til ansikt - direkte møte mellom formidlarane og dei det blir formidla til. Forfattarane skildrar ei rekke formidlingspraksisar der små bibliotek i Sogn og Fjordane samarbeider med barnehagar og skoler på ulike vis. Felles for desse formidlingspraksisane er at dei set barn og unge sine interesser, lyster og kunnskapar i sentrum, og at dei er utvikla ut frå konkrete behov i dei ulike lokalmiljøa. Forfattarane bruker teoretiske innsikter om litteratur og om vårt forhold til språket og verda til å sette ord på kva formidlinga tyder for dei involverte. Dei synleggjer òg kor stor tyding økonomiske rammevilkår og politiske føresetnader har for å kunne drive litteraturformidling av høg kvalitet. Boka gir ny kunnskap til forskinga innan bibliotek-, litteratur- og kommunikasjonsfag, og er særleg aktuell for studentar, bibliotekarar, lærarar og andre litteraturformidlarar. Forfattarane viser korleis ein kan tenkje systematisk og vitskapleg om eigen praksis, og bidreg slik til å styrke fagleg og profesjonell dømmekraft.
Forlag: Cappelen Damm AS | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 219 |
ISBN: 9788202615864 | Vekt: 420 g |
Innbinding: Heftet | Utgitt: 2020 |
Veil. pris: 449 |
Kategori: Litteraturvitenskap, Barne- og ungdomslitteratur, Bibliotek- og informasjonstjenester |