Makta

Makta

Cappelen Damm AS

  • 349 kr
    Enhetspris per 
Inkl. avgifter. Frakt beregnes i kassen.


Forfattere: Heidi Furre

Ofte kan eg sjå det på andre. Eg veit ikkje nøyaktig korleis eg ser det, for det er flyktig. Det bur i ansiktet. Det er i huda, rundt munnen, i blikket. Enkelte kvinner ber smerte i ansiktet. Menn også. Det er vanskeleg å få taket på, det snor seg lett unna. Det trassar ungdom, det trassar skjønnheit. Eg har sett det hos andre sidan eg var barn, før eg visste kva det var. Eg har sett det hos barn. Eg har sett det hos eldre kvinner. Enkelte dagar har eg sett det i meg sjølv. I porene, i hudtonen, i linjene. Det piplar fram om eg ikkje passar på. Liv er ein sjukepleiar som tek godt vare på seg sjølv og andre. Ho er eit heilt normalt menneske som skjuler ei heilt normal hemmelegheit. Ei natt, for fleire år sidan, blei ho valdteken. Av ein mann ho frivillig blei med heim. MAKTA handlar om makt, men også om å makta. Å orke å gå vidare.

Forlag: Cappelen Damm AS Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 143
ISBN: 9788282883955 Vekt: 290 g
Innbinding: Innbundet Utgitt: 2021
Veil. pris: 399 Kategori: Moderne litteratur,
Skjønnlitterære emner: sosiale spørsmål,
Seksuell mishandling og trakassering
Serie: F° - 462
Anmeldelser

"Makta er en bok om voldtekt. (...) Furres roman lærer leseren om å leve i konstant årvåkenhet etter et traume; det er ikke alle som trenger å lese mer om dette for å forstå. (...) Furre har gitt et ydmykt og insisterende tankearbeid en solid litterær form."

"Treffsikkert om traumelindring (...) I Heidi Furres hardtslåande roman «Makta» forsøker ei småbarnsmor å ta tilbake kontrollen over sitt eige liv. (...) Det som har hendt kan ikkje gjerast om. Heller ikkje denne gråsonevaldtekta ender i rettssalen. Men Heidi Furre har funne ei anna form for lindring i dei treffsikre setningane sine. Ei form som treff lesaren."

"Ei av ti kvinner er offer for valdtekt. Med Makta viser Heidi Furre kva den statistikken faktisk betyr. (...) Tematikken er rå og vond, men Makta er god, også litterært. (...) Ein roman om valdtekt og verknadene den har på individ og samfunn, vil sjølvsagt aldri vera ei 'kjekk' eller 'koseleg' feelgood-bok. Men Heidi Furre gir lesaren ein god stad å vere likevel, i denne kloke og klare boka."