Med helsing frå Sogn og Fjordane

Med helsing frå Sogn og Fjordane

Skald AS

  • 346 kr
    Enhetspris per 
Inkl. avgifter. Frakt beregnes i kassen.


Forfattere: Henning Rivedal

Fotografen Leif Bergum har gjennom eit langt liv jakta etter dei vakre bileta i Sogn og Fjordane, til fots, langs veg, langs sjø, og i lufta. 65 år med kamera har resultert i over ti millionar selde prospektkort med elvar, brear, fjordar og fjell som motiv. Den no 85 år gamle fotografen sine bilete utgjer grunnfjellet i boka ?Helsing frå Sogn og Fjordane?. Boka skildrar den vestlandsnaturen som kvart år tiltrekker seg turistar frå heile verda i eit tal større enn det fastbuande folketalet. Sett med turisten sine auge er det unikt at det bur så mange menneske i det ville landskapet. Kan hende treng også fastbuande å bli minna om den storslåtte naturen som omgjer dei til dagleg? Henning Rivedal fortel historia bak lyset og skuggane i bileta til Bergum. Med fjordlandskapet på Unescos verdsarvliste utgjer boka ?Helsing frå Sogn og Fjordane? eit viktig og vakkert verk.

Forlag: Skald AS Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 205
ISBN: 9788279591955 Vekt: 970 g
Innbinding: Innbundet Utgitt: 2013
Veil. pris: 399 Kategori: Steder og mennesker: generelle verk og fotografiske verk

Anmeldelser

Dette er ei bok som utløyser varme kjensler.

Ei bok som er lett å bla i, og som det er lett å glede seg over.