Passivitet
Forfattere: Maria Vea Lund
Ein person som held seg passiv kan i ulike situasjonar bli rekna for å ha gitt eit bindande løfte eller for å ha tapt ein rett - også på ulovfesta grunnlag. Boka inneheld ein analyse av dei ulovfesta rettsnormene som heimlar desse verknadene, med avgrensing til privatretten sitt område. Dei ytre kjenneteikna på tilfelle der passivitet fører til binding eller rettstap varierer i stor grad. Relasjonen mellom partane kan vere av ulik karakter, verknaden kan inntreffe både innanfor og utanfor eksisterande avtaleforhold, lang eller kort tid kan ha passert, den aktuelle retten kan kvile på ulike rettsgrunnlag og kan knyte seg til ulike typar formuesgode. Boka siktar mot å klargjere kva for argument eller argumentkombinasjonar som kan rettferdiggjere den aktuelle rettsverknaden på tvers av ulike typetilfelle. Frå denne undersøkinga blir det utleia rettesnorer for vurderinga av om det er grunnlag for binding eller rettstap. Analysane tilbyr såleis ei djupare forståing av rettsnormene, og gir samtidig rettleiing for handtering av slike saker i det praktiske rettslivet.
Forlag: Cappelen Damm AS | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 742 |
ISBN: 9788202528874 | Vekt: 1538 g |
Innbinding: Innbundet | Utgitt: 2017 |
Veil. pris: 1299 |
Kategori: Rettsmetoder, -teori og -filosofi, Privatrett |
«Vea Lund har genomfört en ambitiös studie inom ett område som har både praktiskt och teoretiskt intresse. Även om framställningen huvudsakligen baserar sig på norsk rättspraxis innehåller den åtskilligt av intresse även för jurister i de övriga skandinaviska länderna, inte minst när man söker argument i konkreta situationer.»
«Forfattaren har levert eit verdifullt tilskot til nordisk formuerettsleg litteratur.»