Pest og plage

Pest og plage : verdas verste pandemiar

Gyldendal Norsk Forlag AS

  • 269 kr
    Enhetspris per 
Inkl. avgifter. Frakt beregnes i kassen.


Forfattere: Anders Totland

Frå svartedauden til covid-19. Det har vore skikkeleg tøffe pandemiar i Noreg også før koronaen. Den mest kjente er svartedauden, men også tuberkulose, koppar, lepra og polio har ramma folk og samfunn på brutalt vis. I denne boka fortel Anders Totland om mange av dei verste pandemiane, gjennom skjebnane til enkeltmenneske. Vi får høyre om losen Knud Jensen som blei smitta med kolerabakterien av lapskausen om bord i skipet han førte ut Drammensfjorden. Vi blir også kjent med Marie Myhr som mista halve familien sin i spanskesjuka tidleg på 1900-talet. Mot slutten av hundreåret blei Jacob Hermansen ramma av hiv-/aids-sjukdommen. Han fortel sjølv korleis han opplevde det, og kva for konsekvensar det hadde, men også om korleis livet etter kvart gjekk vidare. Boka handlar også om vaksinar og korleis sjukdomane er blitt slått ned. Vi får håpe det er situasjonen for vår tids verste pandemi òg når boka kjem ut i august. Målgruppe frå ti år - og langt oppover. Spennande og lett tilgjengeleg for barn og unge som liker korte historier frå verkelegheita. Pest og plage er ein frittståande oppfølgar til Den norske slavehandelen, Nattmannen og Lepra. Desse bøkene har til felles at dei handlar om litt ukjente, mørke sider av norsk historie.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag AS Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 62
ISBN: 9788205545847 Vekt: 360 g
Innbinding: Innbundet Utgitt: 2021
Veil. pris: 299 Kategori: Barn og ungdom: historie,
Barn og ungdom: personlige og sosiale spørsmål: sykdommer og diagnoser