Prosessen

Prosessen

Skald AS

  • 257 kr
    Enhetspris per 
Inkl. avgifter. Frakt beregnes i kassen.


Forfattere: Franz Kafka

«Prosessen» (1925) er ein av dei mest vidgjetne romanane frå det tjuande hundreåret. Han er omsett til tallause språk og kan sjåast som ein av dei grunnleggande tekstane for å skjøne det vi kallar den moderne livskjensla. Hovudpersonen K. blir tilsynelatande kasta inn i ei verd styrt av reglar og logikk som er ukjende både for han lesaren. Dette gir ein urovekkande og tidvis mørkt komisk effekt og gjer at boka kjennest aktuelt også idag. Franz Kafka skreiv manuset i hovudsak i 1914 og 1915, men det vart liggande uferdig. Før forfattaren døydde, bad han venen Max Brod om å øydeleggje dei uferdige manusa hans. Men Brod følgde ikkje ønsket, han pusla dei lause manussidene av Prosessen saman og publiserte verket. Det er Brods utgåve og rekkjefølgje som ligg til grunn for denne nyomsetjinga. Brod stod Kafka svært nær, og det er all grunn til å tru at hans utgåve også er den som står Kafka nærast. Kafka hadde eit særpreg i forfattarskapen som var sterkt nok til å gjere namnet hans til omgrep i språket. Når verda framstår framand for oss, kan vi kalla henne «kafkask», og når styresmakter eller storkapitalismen yter oss urett, blir det fort ein «kafka-prosess».

Forlag: Skald AS Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 264
ISBN: 9788279593355 Vekt: 314 g
Innbinding: Innbundet Utgitt: 2022
Veil. pris: 279 Kategori: Klassisk litteratur,
Skjønnlitterære emner: indre liv,
Skjønnlitterære emner: politikk,
Oversatt skjønnlitteratur
Serie: Skalds klassikarar

Anmeldelser

Jon Fosse har klart det kun gode oversettere får til, nemlig å få leseren til å glemme at boken er oversatt.

Franz Kafkas klassiske roman Prosessen kjennest uhyggeleg aktuell i eit Europa der diktaturet trugar. [.] Sjølv utan denne litterære nyhendinga, der meister møter meister, der Fosses glitrande omsettarjobb lar Kafka skine på mitt eige mål . ei eksistensiell oppleving i seg sjølv . er romanen skremmande aktuell.

Omsetjinga til Jon Fosse er ein fryd å lese, mellom anna fordi lesaren blir var sider ved Prosessen som forsvinn i karikaturen.

Med Jon Fosses oversettelse har vi fått en ny, slitesterk norsk versjon, som vil tåle mange gangers gjenlesning. Denne utgivelsen er intet mindre enn en litterær begivenhet.