Religionshermeneutikk : forståing i ei polarisert tid
Forfattere: Øystein Brekke
Kva tyder det å ha kunnskap om religionar og livssyn i vår tid? Og kva følgjer har det spørsmålet for arbeid med religion, livssyn og etikk i skulen? I boka Religionshermeneutikk blir lesaren invitert til å reflektera over religionar og livssyn i det offentlege rommet, religionsdidaktikk, skulefaglege grunnlagsproblem og kva det vil seia å ha kunnskapar om religionar og livssyn i våre dagar. Eit viktig utgangspunkt for boka er fagfornyinga og nye læreplanar i skulefaga KRLE og Religion og etikk frå og med 2020. Boka tar tak i diskusjonen kring det nye faget og introduserer lesaren for relevante stemmer og perspektiv i debatten. Religionshermeneutikk rettar seg mot studentar og andre fagfolk i religionsvitskap, teologi, RLE på lærarutdanningane og PPU, og andre med interesse for temaet religion og samfunn. Forfattaren er professor i religion, livssyn og etikk ved OsloMet - storbyuniversitetet.
Forlag: Aschehoug & Co | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 352 |
ISBN: 9788215065496 | Vekt: 663 g |
Innbinding: Heftet | Utgitt: 2023 |
Veil. pris: 399 | Kategori: Religion |