Russiske imperium

Russiske imperium

Cappelen Damm AS

  • 452 kr
    Enhetspris per 
Inkl. avgifter. Frakt beregnes i kassen.


Russiske imperium. Russland har vore eit imperium i nesten 500 år. Det gamle russiske imperiet gjekk under i 1917, men oppstod snart i transformert versjon som Sovjetunionen. Sovjetunionen blei historie i 1991, men mange russarar førestiller seg enno eit Russland som er større enn det som ligg innanfor den noverande russiske føderasjonen. Russiske imperium syner korleis arven frå imperiefortida pregar dagens Russland både politisk og ideologisk. For å forstå Russland og russisk sjølvforståing må vi kjenna til landet si forhistorie som ei verdsmakt. Boka gjev den historiske bakgrunnen for nyare konfliktar med nabostatar og andre spenningar i samtida. Samstundes peikar ho på praksisar og tenkjemåtar som har blitt borte undervegs. Russland har sidan 1500-talet vore imperium på ulike måtar. Og imperiet var - og er - meir enn berre imperialisme. Boka analyserer mangfaldige konstellasjonar av eit sentrum i samverke med ulike periferiar, og kombinerer den politiske historia med ei idéhistorisk framstilling av russiske sjølvbilde, før og no.

Forfattere: Kåre Johan Mjør Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 356
ISBN: 9788202548926 Vekt: 688 g
Forlag: Cappelen Damm AS Innbinding: Heftet
Utgitt: 2017 Veil. pris: 529 kr
Kategori: Europeisk historie

Anmeldelser

«... Russiske imperium leverer ein grundig og svært kunnskapsrik gjennomgang av russisk imperieideologi og imperiepolitikk gjennom 500 år. [...] Skal du lesa berre ei Russlands-bok i år, vil eg tilrå Kåre Johan Mjør.»

«Av alle gode Russlands-bøker i jubileumsåret for revolusjonen fortalde denne meg mest om «den russiske verda» og bakgrunnen for Putins ideologi og politikk. Ei bok til å jobba med, men også å bli klokare av.»

"Kåre Johan Mjør har skrevet en spennende og innholdsmettet bok om Russlands historie og kultur der «imperium» fungerer som det samlende begrepet. [...] Mjør har klart det kunststykke å skrive en bok om et viktig tema som kan leses med stort utbytte av både leg og lærd. Boken er utstyrt med flere svært nyttige fargekart, gjennomarbeidet ned i minste detalj og skrevet på et stilsikkert nynorsk."

«Russisk historie er spennende og dramatisk. Russlandforsker Kåre Johan Mjørs bok Russiske imperium er det samme. [...] Kunnskap om dette landet er ikke å forakte og Kåre Johan Mjør skal ha varm takk for boka.»

«[...] ei grundig, tankevekkande og høgst leseverdig bok. »

«Låt mig direkt säga att denna bok är ett viktigt bidrag till forskningen om Rysslands utveckling som imperium. Mjør inte bara sammanfattar och systema­ti­se­rar en stor del av den tidigare forskningen, han har dessutom funnit en enkel och genial lösning på ett problem som många tidigare analyser av det ryska imperiet har brottats med.»