Sju galningar
Forfattere: Roberto Arlt
Sju galningar (1929) er hovudverket blant romanane til Roberto Arlt. Det er ei vill forteljing frå underverda i Buenos Aires, der pengeinnkrevjaren og oppfinnaren Erdosain manøvrerer blant små og store Les mer... kjeltringar, horer og hallikar, skrønande gullgravarar, revolusjonære militære og mystiske drøymarar med stormannsgalne planar.I samtida blei Arlt kritisert for den ureine stilen sin, men ettertida har sett på han som ein nyskapar. Arlt blanda ulike skrivemåtar og braut både konvensjonar og fornuftas reglar. Historia om den pengelense Erdosain er ein røvarroman med element av surrealisme og skiten realisme. Verket er drive av ein rasande desperasjon, eit agg mot samfunnet og ein hemningslaus fantasi som gjer romanen til ein nærast profetisk parabel over det urolege hundreåret som kom etter boka.
«La oss, for å vere beskjedne, seie at Roberto Arlt er Jesus Kristus.» Roberto Bolaño
Skalds klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.
Forlag: Skald AS | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 342 |
ISBN: 9788279593744 | Vekt: 390 g |
Innbinding: Innbundet | Utgitt: 2024 |
Veil. pris: 299 |
Kategori: Klassisk litteratur, Skjønnlitterære emner: sosiale spørsmål |
Serie: Skalds klassikarar |
Anmeldelser
Romanen er eit Hieronymus Bosch-panorama over den paranoide mellomkrigstida i Argentina, lett forkledd som ein spenningsroman. Ho er ei marerittaktig bok som likevel får deg til å le høgt, for den verste styggedom blir presentert i eit overskotsprega, barokt språk som gjev skildringane driv og humør.
Han blir et bilde av et desillusjonert, moderne menneske uten forankring i etikk, gudsfrykt, håp, plikt eller sosiale konvensjoner. Til gjengjeld besitter han masse språk som gjør at leseren ikke oppfatter ham som en endimensjonal skurk.
«Sju galningar» er en demonisk «leseorgie», et infernalsk kaos av megalomane narsissister, usammenhengende enetaler, erotiske eskapader og løfter som aldri vil innfris. Den er et komisk og fascinerende mareritt av en roman […] Med utgivelsen av argentineren Arlts (1900–1942) hovedverk fra 1929 fortsetter Skald sin beundringsverdige jobb med å frembringe flere biter til det (ny)norske litterære puslespillet.
Roberto Arlt skreiv forbløffande moderne og aktuelt om det ulukkelege individet.
Det blir rein magi når Roberto Arlt tek språket i bruk. […] den norske utgåva som omsetjar Øystein Vidnes har stått for er knirkefri – rett og slett upåklageleg.