Skispor i Sunnmørsalpane

Skispor i Sunnmørsalpane : 85 storslegne toppturar

Skald AS

  • 437 kr
    Enhetspris per 
Inkl. avgifter. Frakt beregnes i kassen.


Forfattere: Pål-Are Vadstein

Drøymer du allereie om neste sesong med pudder, puls og fart? I Sunnmørsalpane kan du renne frå alpine tindar til tang og tare i fjøra på under ein halvtime om du så vil. Området er ingen løyndom for toppturentusiaster og tindejegerar, men nokre toppar ligg framleis som skjulte perler og berre venter på å bli signert med skispora dine. I denne boka syner lokale og fjellrøynde Pål-Are Vadstein fram dei toppane han har vakse opp midt blant, og korleis du kjem deg dit opp og ned igjen. Frå stova si kan han sitte og sjå på utsikta over snødekte tindar i solskin, og før det har gått mange timane, er han like gjerne på veg oppover ein av dei. Det har ført til mange toppar i minna, og no deler han kremen av dei. Boka er ein døropnar inn til dei store tindenamna samt dei meir ukjende delane av Sunnmørsalpane, der det kryr av tindar, horn, egger og niper. Her finn du 85 toppturar, fleire av dei kombinasjonsturar, i Ørsta, Volda, Sykkylven og Stranda kommune. Pål-Are Vadstein gir deg turer frå sesongen sitt første til siste pust. Rutene er rikt illustrerte og graderte etter vanskegrad. I tillegg til forlokkande foto og informative kart, inneheld boka gode tips til naudsynt utstyr, skredtryggleik og inspirasjon til å bryte opp kvardagens mas og kjas med ein tur ut og opp.

Forlag: Skald AS Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 0
ISBN: 9788279593614 Vekt: 625 g
Innbinding: Innbundet Utgitt: 2023
Veil. pris: 499 Kategori: Skisport,
Fotturer,
Reisehåndbøker: opplevelsesferier