Vi ville tru

Vi ville tru : dikt

Gyldendal Norsk Forlag AS

  • 349 kr
    Enhetspris per 
Inkl. avgifter. Frakt beregnes i kassen.

+ -

Forfattere: Charlotte Riise

Dikta i denne samlinga utforskar kor hardt barndommens grep kan vere på eit vakse menneske. Ein fars sinne, med djupe røter frå generasjonar tilbake, har på mange måtar forma diktar-eget. Ho er òg

Les mer... sint, og redd for å føre vidare den vonde arven til sine eigne barn. Det handlar om å prøve å gi omsorg til – og gi slepp på – det indre barnet ho framleis har i seg.


Eg gjekk til kyrkja for å synge

ikkje for å tru

den vesle kroppen min sleppte ut

ei stemme som vibrerte

mot meg og bad om frelse.

Mitt første minne

frå kyrkja er at det regna og presten

koppa handa, vatnet rann mjukt

over håret til broren min, han græt

faren min snudde seg mot altartavla.

Vi falda hendene

framfor oss:

kven bad vi til, kven

gav oss

eit utvaska svar?

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag AS Utgave: ukjent
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 78
ISBN: 9788205609594 Vekt: 147 g
Innbinding: Innbundet Utgitt: 2025
Veil. pris: 349 Kategori: Moderne lyrikk (fra 1900 og fremover),
Lyrikk av en forfatter