Vinduet. Nr. 3 2018
Vinduet. Nr. 3 2018. Les om W.B. Yeats, Rocky, Camilla Collett, Trude Marstein - og mykje meir. 51 år etter at han sjølv debuterte som forfattar i dette tidsskriftet, er Torstein Bugge Høverstad tilbake på Vinduets sider - og det med den første større gjendiktinga av W.B. Yeats til norsk nokon gong, i følgje med eit essay om mannen og diktinga. Utgåva inneheld vidare ei drøfting av Camilla Collett og Emilie Diriks sitt til no lite omtalte tidsskrift Forloren Skildpadde, ført i pennen av Nina Schjønsby. Jan Grue skriv om Joan Didion sine politiske essay, Hanna Dahl intervjuer Trude Marstein og Rocky-omsettar Dag F. Gravem skriv om sine tjue år i den svenske teikneseriehundens teneste. For ikkje å gløyme Hilde Rød-Larsen sin tekst om Elizabeth Strout, Tora Lane sin tekst den russiske revolusjonen og eit utdrag frå Tiril Broch Aakre si komande bok. Og det stoppar ikkje der: Rachel Cusk, Jenny Offill, Maggie Nelson og Sarah Manguso har svart på spørsmål om å skrive om å få barn, Joakim Kjørsvik har skrive ein ekfrase, Sandra Vaka Olsen bidreg med ein biletserie og Vilde Sagstad Imeland med ei jubileumshelsing til Den lille prinsen. Og meldingar, så klart - av dei siste bøkene til Rachel Kushner, Richard Brautigan, Helle Helle og Amalie Kasin Lerstang.
Forfattere: | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Bokmål) | Sidetall: 114 |
ISBN: 9788205516250 | Vekt: 424 g |
Forlag: Gyldendal Norsk Forlag AS | Innbinding: Heftet |
Utgitt: 2018 | Veil. pris: 180 kr |
Kategori: Serier, tidsskrifter, sammendrag, indekser | Serie: Vinduet |