Vinduet. Nr. 4 2018

Vinduet. Nr. 4 2018

Gyldendal Norsk Forlag AS

  • 180 kr
    Enhetspris per 
Inkl. avgifter. Frakt beregnes i kassen.


Vinduet. Nr. 4 2018. Vinduet går fortida, samtida og framtida etter i saumane i årets siste utgåve. Ei rekke av tekstane i bladet tek for seg dystopiske versjonar av framtida. Aldous Huxleys Fagre nye verden viser seg å vere urovekkande relevant for dagens distraksjonsvelde, som Johanne Fronth-Nygren skriv, medan Eivind Buene finn frampeik om informasjonssamfunnets utfordringar hjå David Foster Wallace. Eit fyldig intervju med egyptiske Basma Abdel Aziz gjev eit gløtt inn i arabisk litteratur etter den arabiske våren, som ikkje minst er prega av framtidsvisjonar av det mindre optimistiske slaget. Meldingsseksjonen innheld på si side meldingar av meir eller mindre dystopiske skrifter av Mads Rage, Andrzej Tichý, Kaspar Colling Nielsen - og Steffen Kverneland. Frå samtida kjem det også rapportar frå ein heilaftan med instagrampoeten Rupi Kaur, om haustens feministantologiar, om konspirasjonsmaskineriet Qanon - og ikkje minst er fire norske forfattarar samla til ein samtale om norsk litteratur i dag. Rune Christiansen, Anne Oterholm, Anna Kleiva og Ruth Lillegraven gjer med dette ein slags reprise av ein liknande samtale Vinduet arrangerte i 1968, den gong med Dag Solstad som ein av deltakarane. Og nettopp Solstad vert i dagens Vinduet intervjua av Kaja Schjerven Mollerin, mellom anna om seg sjølv anno 1968. Eldrid Lunden, som debuterte nettopp i 1968 og i år markerer femti år som forfattar med ein ny diktsamling, er òg intervjua. Elles bidreg Cecilie Løveid med ei nyskriven ekfrase, Eiler Fleischer med eit essay om Karl Ove Knausgård og Carline Tromp med ei tekst om W. F. Hermans. Bidragsytarar: Basma Abdel Aziz, Eivind Buene, Carina E. Beddari, Ingrid Flognfeldt Brubaker, Eiler Nils Fleischer, Johanne Fronth-Nygren, Karoline Henanger, Vilde Sagstad Imeland, Elin Kittelsen, Kim Klev, Cecilie Løveid, Kaja Schjerven Mollerin, Torbjørn Tumyr Nilsen, Eirik Traavik, Carline Tromp, Jenny Moi Vindegg, Kenneth Varpe, Oda Myran Winsnes, Elise Winterthun.

Forfattere: Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Bokmål) Sidetall: 138
ISBN: 9788205516267 Vekt: 508 g
Forlag: Gyldendal Norsk Forlag AS Innbinding: Heftet
Utgitt: 2018 Veil. pris: 180 kr
Kategori: Serier, tidsskrifter, sammendrag, indekser Serie: Vinduet